Anna McGarrigle

kanadisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Anna McGarrigle
Remove ads

Anna McGarrigle (fødd 4. desember 1944) er ein kanadisk visesongar og låtskrivar, som spelte mykje i lag med systera Kate McGarrigle, som døydde i 2010.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

I 1960-åra etablerte dei to systrene seg i visemiljøet i Montreal, medan dei framleis gjekk på skulen.[3] Frå 1963 til 1967 slo dei seg saman med Jack Nissenson og Peter Weldon og skipa visegruppa Mountain City Four.[3] Systrene skreiv, spelte inn og framførte musikk dei neste 30-40 åra, i lag med ei rekkje andre artistar, som Chaim Tannenbaum og Joel Zifkin.[3]

McGarrigle var òg låtskrivar. Songen hennar «Heart Like a Wheel» var tittelsporet på Linda Ronstadt-albumet frå 1974, og songen hennar «Cool River» vart spelt inn av Maria Muldaur.[4]

I 2016 skreiv Anna og den eldre systera Jane ei bok i lag, Mountain City Girls.[5]

Remove ads

Diskografi

  • Kate & Anna McGarrigle (1976)
  • Dancer with Bruised Knees (1977)
  • Pronto Monto (1978)
  • Entre Lajeunesse et la sagesse (1980)
  • Love Over and Over (1982)
  • Heartbeats Accelerating (1990)
  • Matapédia (1996)
  • The McGarrigle Hour (1998)
  • La vache qui pleure (2003)
  • The McGarrigle Christmas Hour (2005)
  • ODDiTTiES (2010)
  • Tell My Sister (2011)
  • Sing Me the Songs: Celebrating the Works of Kate McGarrigle (2013)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads