Anna Ottosson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anna Helene Ottosson Blixth (fødd 18. mai 1976) er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Östersund som vann OL-sølv i storslalåm i 2006, samt VM-sølv med Sveriges seksmannslag i 2007.
Remove ads
Ottosson var, særleg i sesongane 1998-2000, ei av dei beste kvinnene i verda i storslalåm. Hennar einaste siger i eit verdscuprenn kom 23. januar 2002 i Cortina d'Ampezzo i nettopp storslalåm. I alt oppnådde ho seks pallplasseringar i verdscupen, fem av dei i storslalåm, samt ein andreplass i slalåm.
Frå 1998 til 2007 var Ottosson aldri dårlegare enn nummer tolv i si beste øving i dei store meisterskapane i perioden. Men det var fyrst under Vinter-OL 2006 i Torino ho kunne hente ein medalje etter ei tevling. Her vart ho nummer tre i storslalåm.
I VM i alpine greiner 2007 i Åre var Ottosson med på det svenske laget som vann sølv i lagkonkurransen. Som einaste svenske vann ho sitt renn, heat 1 av slalåmheata. Ho deltok også i super-G, heat 3, der ho hadde fjerde beste tid. Ved sesongslutt la ho opp.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Anna Ottosson» frå Wikipedia på svensk, den 2. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
- «Anna Ottosson». olympedia.org. Henta 23. januar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads