Anna Seghers

tysk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Anna Seghers
Remove ads

Anna Seghers (fødd 19. november 1900 som Reiling, daud 1. juni 1983), eigentleg Netty Radványi, var ein tysk forfattar.

Kjappe fakta
Thumb
Bilete av Anna Seghers sin gravstein
Remove ads

Liv

Anna Seghers var fødd i Mainz som det einaste barnet til kunsthandlaren Isidor Reiling og kona hans Hedwig (fødd Fult). Familien var ortodokse jødar. Anna gjekk frå 1907 på ein privatskole, deretter på ein høgare jenteskule frå 1910. I første verdskrigen bidrog ho med krigshjelp. I 1920 tok ho eksamen artium og studerte seinare i Köln og Heidelberg, der ho las historie, kunsthistorie og sinologi. I 1924 gjekk ho ut frå Heidelberg universitet med ei doktoravhandling om jøden og jødedomen i verka til Rembrandt.[1]

I 1925 gifta ho seg med den ungarske sosiologen László Radványi. Ekteparet flytta til Berlin og fekk to barn.

Anna Seghers valde pseudonymet sitt etter den nederlandske malaren Hercules Pieterszoon Seghers. Den første romanen hennar vart utgjeven i 1928. I same år vart ho medlem i KPD, det tyske kommunistpartiet. Etter nazistane si maktovertaking vart ho arrestert. Bøkene hennar vart forbodne og brunne av nazistane. Seghers emigrerte med familien sin til Paris.

Under den tyske invasjonen av Frankrike flykta ho til landsdelen som vart kontrollert av Vichy-regimet. I mars 1941 klarte ho å få løyve til å emigrera saman med ektemannen og borna til Mexico.

I Mexico arbeidde ho saman med Ludwig Renn og andre eksil-tyskarar for rørsla «Freies Deutschland». Denne organisasjonen tilsvarte Nationalkomitee Freies Deutschland. I 1943 fekk ho vita at mora var drepen i holocaust, i Majdanek.[2]

I 1947 reiste Seghers attende til Tyskland og busette seg i DDR. Ho vart president i DDR sitt forfattarforbund. Ho døydde i Berlin i 1983 og fekk ei statsgravlegging.

Bibliotek, skular og gater vart oppkalla etter henne både i Aust- og Vest-Tyskland. Ho er gravlagd på Dorotheenstädtischen Friedhof og grava hennar er gjort til ein av Berlins æresgraver.[3]

Bibliografi

  • 1928 – Aufstand der Fischer von St. Barbara
  • 1930 – Auf dem Wege zur amerikanischen Botschaft und andere Erzählungen
  • 1932 – Die Gefährten
  • 1933 – Der Kopflohn
  • 1935 – Der Weg durch den Februar
  • 1937 – Die Rettung
  • 1940 – Die schönsten Sagen vom Räuber Woynok. Sagen von Artemis
  • 1942 – Das siebte Kreuz
  • 1943 – Der Ausflug der toten Mädchen
  • 1944 – Transit
  • 1948 – Sowjetmenschen. Lebensbeschreibungen nach ihren Berichten
  • 1949 – Die Toten bleiben jung
  • 1949 – Die Hochzeit von Haiti
  • 1950 – Die Linie
  • 1951 – Crisanta
  • 1951 – Die Kinder
  • 1952 – Der Mann und sein Name
  • 1953 – Der Bienenstock
  • 1958 – Brot und Salz
  • 1959 – Die Entscheidung
  • 1961 – Das Licht auf dem Galgen
  • 1963 – Über Tolstoi. Über Dostojewski
  • 1965 – Die Kraft der Schwachen
  • 1967 – Das wirkliche Blau. Eine Geschichte aus Mexiko
  • 1968 – Das Vertrauen
  • 1969 – Glauben an Irdisches
  • 1970 – Briefe an Leser
  • 1970 – Über Kunstwerk und Wirklichkeit
  • 1971 – Überfahrt. Eine Liebesgeschichte
  • 1977 – Steinzeit. Wiederbegegnung
  • 1980 – Drei Frauen aus Haiti
  • 1990 – Der gerechte Richter (frå 1957, men ikkje tidlegare offentleggjort av politiske grunnar)

Filmatisering

Fleire romanar av Anna Seghers vart filmatiserte. Blant dei er filmen The Seventh Cross frå 1944 etter romanen Das siebte Kreuz ein av dei mest kjende. Filmen med Fred Zinnemann som regissør og Spencer Tracy i hovudrolla vart produsert i USA. Ho fekk 75.000 dollar for dette, ein betydeleg sum den gongen.[4]

Den tyske filmen Transit frå 2019 er basert på Seghers roman frå 1944.[5][6]

Prisar og utmerkingar (utval)

  • 1947 – Georg Büchners pris
  • 1951 – Stalins fredspris
  • 1951, 1959, 1971 – DDRs nasjonalpris
  • 1965, 1969, 1974 – Karl Marx-ordenen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads