Anna av Brandenburg

hertuginne av Schleswig-Holstein-Gottorp From Wikipedia, the free encyclopedia

Anna av Brandenburg
Remove ads

Anna av Brandenburg (27. august 1487 i Berlin3. mai 1514 i Kiel) var fyrste kona til Fredrik av Schleswig-Holstein-Gottorp, den seinare dansk-norske kongen Fredrik I.[1] Ho var dotter av kurfyrst Johan I av Brandenburg og Margrethe av Sachsen.

Kjappe fakta

Ekteskapet vart inngått i Stendal 10. april 1502.[2] Dei var i så nær slekt at dei måtte få paveleg dispensasjon for å inngå ekteskap.[1]

Anna og Fredrik fekk to born; Kristian i 1503 og Dorothea i 1504. Kristian vart seinare konge under namnet Kristian III og Dorothea blei gift med Albrecht av Preussen.

Anna vert ofte omtala som dronning av Danmark-Noreg, men Fredrik blei konge i 1523, ni år etter ho døydde. Ho blei gravlagd i klosterkyrkja i Bordesholm ved Husum. Det kjende Bordesholmaltaret av Hans Brüggemann vart tinga av Fredrik I som gravmæle for Anna. Frå 1666 har det vore i Schleswig domkyrkje, kor Fredrik I blei gravlagd i 1533.

Fredrik fekk òg tinga eit mausoleum i Bordesholm klosterkyrkje der skulpturar av han og henne ligg støypt i bronse.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads