Anne Enger
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anne Enger, tidlegare Anne Enger Lahnstein, (fødd 9. desember 1949) er tidlegare leiar for Senterpartiet og var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Regjeringa Bondevik I. I ein periode var ho fungerande statsminister for Kjell Magne Bondevik under eit lengre sjukdomsfråver. Ho kjem opphavleg frå Trøgstad i Østfold.
Frå 2004 til 2015 var ho fylkesmann i Østfold.[1] Ho har tidlegare vore leiar i Redningsselskapet.
Enger var ein av dei mest innflytingsrike politikarane på 1990-talet, men ho er nok mest kjend for kampen mot norsk medlemskap i EU fram mot valet i 1994. I denne perioden vart ho av media kalla «Nei-dronninga».
Enger tok artium i 1968 og har utdanning både som sjukepleiar (1972) og sosionom (1975) frå Det norske diakonhjem.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads