Annecy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Annecy er ein by aust i sentrale område av Frankrike ved breidda av Annecysjøen, 35 km sør for Genève. Annecy er préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.
Remove ads
Historie
Annecy ligg mellom Genève og Chambéry, og vart mykje påverka av desse to byane mellom 900- og 1800-talet. Byen var først hovudstad i grevskapet Genève, men etter at grevane i Genéve forsvann vart han ein del av Huset Savoie i 1401. I 1444 gjorde prinsane av Savoie byen til hovudstad i ein region som omfatta Genevois, Faucigny og Beaufortain. Då calvinismen breidde seg ut i 1535 vart byen eit senter for den katolske reformasjonen, og biskopen sitt sete i Genève vart flytta her. Under den franske revolusjonen vart området Savoie erobra av Frankrike, og Annecy vart ein del av departementet Mont Blanc, der Chambéry var hovudstad. Etter Restaurasjonen i Frankrike i 1815 vart han gjeve tilbake til Huset Savoie. Då Savoie vart annektert av Frankrike i 1860 vart byen hovudstad i det nye departementet Haute-Savoie.
Frans av Sales vart fødd i slottet Sales, som ligg like ved Annecy, i 1567. Han var biskop i Annecy frå 1602 til 1622.
Den andre runden av GATT-diskusjonane vart halde i Annecy i 1949.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Heimesida til Annecy sin OL-søknad for 2018 Arkivert 2007-05-03 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads