Annie Jump Cannon

amerikansk fysikar og astronom From Wikipedia, the free encyclopedia

Annie Jump Cannon
Remove ads

Annie Jump Cannon (11. desember 186313. april 1941) var ein USA-amerikansk astronom. Cannon utarbeidde den såkalla harvardklassifikasjonen av stjernespektra (fotografisk). Dette var det første forsøket på å organisere og klassifisere stjerner basert på temperaturen deira. I løpet av dei 45 åra ho arbeidde med det fotografiske materialet, klassifiserte ho spekter for over 395 000 stjerner. Ho oppdaga òg fleire tusen variable stjerner ved å studere det enorme biletmaterialet.

Thumb
Cannon saman med Henrietta Swan Leavitt i 1913
Kjappe fakta Fødd, Død ...

Cannon blei ein del av dei såkalla Harvard Computers,[2] ei gruppe kvinner tilsette av direktøren for Harvard-observatoriet, Edward C. Pickering, for å fullføra Henry Draper-katalogen. Målet var å kartleggja og definera kver stjerne på himmelen frå fotografi, med ein fotografisk magnitude på rundt 9.[3] Pickering meinte ho var den raskaste personen i verda til å klassifisera stjerner.[4] Etter usemje om kor komplekst klassifiseringssystemet for spektralklassar skulle vera, fekk Cannon gjennomslag for eit forslag som bygde på absorpson av Balmer-linjer.Systemet brukte klassane O, B, A, F, G, K og M, og danna grunnlaget for noverande klassifisering.[5]

Cannon var leiar for biletarkivet frå 1911.

Cannon var nesten heilt døv gjennom heile karrieren sin. Ho arbeidde for røysterett for kvinner og var medlem av National Woman's Party.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads