Anniken Huitfeldt

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Anniken Huitfeldt
Remove ads

Anniken Scharning Huitfeldt (fødd 29. november 1969) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore kulturminister og arbeidsminister i regjeringa Stoltenberg II, og utanriksminister i regjeringa Støre.[1]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Thumb
Anniken Huitfeldt i 2010.
Foto: Johannes Jansson/norden.org
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Huitfeldt er dotter av lagdommar Iver Huitfeldt (f. 1943) og lektor Sidsel Scharning (1940–1990). Ho kjem frå Jessheim i Akershus og høyrer til den danske adelsslekta Huitfeldt (vert uttala hvittfelt). Ho er også niese av Høgre-politikaren Fritz Huitfeldt.

Utdanninga si på vidaregåande skule var ho ferdig med i 1988. Ho var leiar i Ullensaker AUF frå 1985 til 1988 og styremedlem i Akershus AUF frå 1986 til 1990. I 1989 byrja ho på universitetsstudia sine ved Universitetet i Oslo. Ho tok då grunnfag i statsvitskap og historie fram til 1992, då ho byrja på grunnfag i geografi ved London School of Economics. I 1993 var ho tilbake ved Universitetet i Oslo, der ho vart utdanna cand.philol. med hovudfag i historie.

Huitfeldt er gift, og har tre ungar.

Karriere

Ho var nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) frå 1994 til 1996 og leiar frå 1996 til 2000. Frå 2000 til 2005 arbeidde ho som forskar i Forskningsstiftelsen Fafo. Ho var også styremedlem i Redd Barna frå 2001 til 2007. Huitfeldt var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005, og vart innvald fast frå Akershus i 2005. Ho har sidan 2002 vore sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, og frå 2007 leiar i Arbeidarpartiets kvinnenettverk. Frå ho vart innvald i 2005 til ho vart statråd i 2008, var ho fyrste nestleiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, i tillegg til medlem av gruppestyret til Arbeidarpartiet på Stortinget.

Huitfeldt vart i statsråd 29. februar 2008 utnemnd til barne- og likestillingsminister etter at Manuela Ramin-Osmundsen trekte seg frå denne ministerposten. Gorm Kjernli vart då fast vara for henne på Stortinget. Den 20. oktober 2009 vart ho utnemnd til kulturminister i den «nye» regjeringa Stoltenberg II, og i perioden 2009–2013 er det Are Helseth som møter som fast vara på Stortinget.

Skandalar

I august 2023 heldt Huitfeldt ein pressekonferanse; her kom det fram at ho hadde vore inhabil i saker i regjering og eige departement etter at ektefellen hennar hadde kjøpt aksjer. Huitfeldt omtala det som «uvitende inhabil» ettersom ho ikkje kjende til aksjehandlane til ektefellen sin.[2] Kort tid etter at saka vart kjend sa statsminister Støre at han framleis hadde tillit til Huitfeldt – ho heldt dimed fram som utanriksminister.[3][4] Den 16. oktober 2023 vart Huitfeldt erstatta av Espen Barth Eide som utanriksminister.

Remove ads

Bibliografi

  • Child slavery and child trafficking in West Africa, Roma minorities in the Czech and Slovak Republics, Det globale ekteskapsmarkedet (Fafo-notat 2001–2004)
  • Likhet eller Likeverd (1996)
  • Fagbevegelsen foran et nytt århundre (1997)
  • Sosialdemokratiet 2000 (2000)
  • Næringslivets samfunnsansvar (2003)
  • Women in Iraq – Analytical Report, Bagdad (2005)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads