Another Green World
studioalbum av Brian Eno From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Another Green World er det tredje studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies og opphavleg gjeven ut på Island Records i september 1975. Som han hadde gjort på dei førre soloalbuma, arbeidde Eno med fleire gjestemusikarar, mellom andre Phil Collins, John Cale og Robert Fripp. Albumet markerte ei ny musikalsk retning for Eno og ved å nytte instruksjonkorta Oblique Strategies for rettleiing, inneheld albumet færre tekstbaserte rockesongar og la større vekt på instrumentale stykke, mange utan hjelp av gjestemusikarar. Den mørke humoren i tekstane er òg endra til meir draumeaktige og forvirra songar.
Albumet nådde ikkje listene verken i USA eller Storbritannia, men vart godt tekne imot av kritikarane.
Remove ads
Produksjon
Another Green World vart spelt inn i Island Studios i London i løpet av juli og august 1975.[10] Brian Eno rekna opphavleg det nye albumet som eit eksperiment og gjekk inn i studio utan å ha skrive noko på førehand.[10]
Eno har med seg fleire gjestemusikarar, men i motsetnad til dei to førre albuma, arbeidde han meir aleine på fleire av songane og på sju av songane spelte han alle instrumenta sjølve, inkludert gitar og perkusjon.[11] Av gjestemusikarane finn ein Phil Collins, som spelte trommer på Tiger Mountain, og Brand X-medlem Percy Jones.[12] Robert Fripp, som arbeidde med Eno på (No Pussyfooting) og Here Come the Warm Jets, spelte soloen på «St. Elmo's Fire». Eno bad Fripp om å improvisere ein lynrask gitarsolo som skulle etterlikne den elektriske ladinga mellom to polar på ein Wimshurst-maskin.[13]
Remove ads
Mottaking
Another Green World vart gjeven ut i september 1975 og gjekk inn på salslistene i verken USA eller Storbritannia.[14][1] Albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk. Den negative meldingane fokuserte på mangelen på rockesongar samanlikna med dei to førre albuma.
Pitchfork plasserte albumet på 10. plass på lista si over dei beste albuma frå 1970-åra.[15] Rolling Stone plasserte albumet på 433. plass på si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.[16]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Brian Eno
Medverkande
- Brian Eno — vokal, synthesizer, bassgitar, gitar, perkusjon, trommemaskin, piano, tangentinstrument, Hammond og Farfisa orgel, Yamaha-basspedalar, lydeffektar, produsent
- John Cale — bratsj på «Sky Saw» og «Golden Hours»
- Phil Collins — trommer, perkusjon på «Sky Saw», «Over Fire Island» og «Zawinul/Lava»
- Robert Fripp — elektrisk gitar på «St. Elmo's Fire», «I'll Come Running» og «Golden Hours»
- Percy Jones — bandlaus bass på «Sky Saw», «Over Fire Island» og «Zawinul/Lava»
- Roderick Melvin — Fender Rhodes piano, piano på «Sky Saw», «I'll Come Running» og «Zawinul/Lava»
- Paul Rudolph — bass, bassgitar, gitar, skarptromme on «Sky Saw», «I'll Come Running» og «Zawinul/Lava»
- Brian Turrington — bassgitar, piano på «Everything Merges With the Night»
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads