Anselm av Canterbury
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anselm (fødd ca. 1033 i Aosta, død 21. april 1109) var ein italiensk filosof, teolog og erkebiskop av Canterbury. Han blir rekna som grunnleggaren av skolastikken. Han er mest kjend for det ontologiske gudsbeviset sitt og den objektive forsoningslæra. Som erkebiskop av Canterbury arbeidde Anselm for fridommen til kyrkja. Den katolske kyrkja ærer han som ein helgen.
Anselm skreiv øvingar og meditasjonar heilt i samsvar med klosterlitteraturen, men til dette kom det eit nytt spekulativt element. Anselm er kjend for formuleringa Credo ut intelligam (latin for ‘eg trur fordi eg kan erkjenna’). Det har samband til pave Gregor den store (540-604) og den tidlegare tradisjonen med at trua, som for Gregor fyrst og fremst er ei hjartesak, kjem fyrst, men til det ein ny lyst til òg å forstå trusinnhaldet og forklare rasjonelt kvifor ein trur, og meir konkret kva ein trur. I denne forstanden skjedde det noko nytt i Anselm sin periode kring byrjinga av 1100-talet.[1]
Remove ads
Liv og virke
Bakgrunn
Anselm blei fødd i Aosta i 1033. Dette området var omtrent på denne tida kome inn under herredømet til dei savoyardiske grevane. Foreldra til Anselm stamma frå ulike adelsfamilar, faren Gundulf frå Lombardia og mora Ermenberga frå Aosta.[2] Då han var femten år gammal ville han tre inn i eit kloster i nærleiken, med fekk ikkje lov. Faren hadde bestemt at han skulle søka ein politisk karriere.
Då Anselm var 23 år forlet han heimen og reiste i tre år rundt om i Frankrike, til han, tiltrekt av ryet til Lanfranc og kunnskapen hans, kom til benediktinar-abbediet Le Bec. Etter noko nøling gjekk han inn i klosteret året etter, i 1060. Tre år etter dette blei han prior ved klosteret, og femten år etter abbed. I denne perioden blei det fyrste filosofiske og teologiske verket hans til, som dei to kjende skriftene Monologion og Proslogion.
Erkebiskop av Canterbury
Då Lanfranc (som var blitt erkebiskop av Canterbury) døydde i 1089, var det mange som ønskte Anselm som etterfølgjar, men det var fyrst i 1093 av kong Vilhelm II innførte han i embetet. Dei neste fire åra var dei begge kvar på sin side engasjert i investiturstriden i England. I 1097 fekk Anselm tillating til å dra til Roma, der han håpa å finna støtte. Det lykta han berre i ein avgrensad grad. Han vart nekta innreisa til England igjen av kong Vilhelm II. Dermed tilbringa Anselm åra frå 1097 i eksil i Lyon, til kongen døydde i 1100.
Under den nye kongen, Henrik I, kunne Anselm venda tilbake til England. Men frå 1103 til 1107 måtte han i utlegd att. Han kom tilbake til England til slutt, og døydde der i 1109.
Anselm sitt teologiske program
Anselm uttrykka det teologiske programmet sitt i fyrste kapittel av skriftet Proslogion:
- «Ikke søker jeg, Herre, å gjennomtrenge din opphøydhet, for jeg sammenstiller på ingen måte min erkjennelse med den; men jeg begjærer i noen grad å erkjenne din sannhet, som mitt hjerte tror og elsker. Jeg prøver nemlig ikke å erkjenne for at jeg kan tro, men jeg tror for at jeg kan erkjenne».
Erkjenninga er derved erkjenninga av trua, intellectus fidei.[3]
Fornufta skal finna årsakene som står bak det som kyrkja trur. Om desse bruker han ofte uttrykket «nødvendige grunnar», rationes necessariae. Fornuft vil her seia logisk argumentasjon. Rolla til fornufta består derfor ikkje i å bidra med nytt innhald ut over trua, men i å klargjera det innhaldet trua har, slik at ein innser kvifor det er slik.[4]
Anselm ville beskriva forholdet mellom tru og kunnskap med uttrykket fides quarens intellectum (latin for «tru som søkjer forstand»). For Anselm stod tru og kunnskap såleis ikkje i eit motsetningsforhold, men den rasjonelle kunnskapen kan sjåast som eit resultat av trua. Likevel er trua alltid det grunnleggjande for han.
Det ontologiske gudsbeviset
I det ontologiske gudsbeviset sitt, som Kant kalla det, søkte Anselm å visa at Guds eksistens er del av sjølve gudsomgrepet. Forenkla går det slik:
Fyrste premise: | Gud er eit fullkome vesen. | ||
Andre premise: | Å vera fullkomen inneber å eksistera. | ||
Konklusjon: | Gud eksisterer. |
Kant nekta likevel for at eksisterns kan vera eit predikat på linje med til dømes allgod, allmektig og så vidare som Gud kan tilskrivast, men det interessante er at Anselm byrja å argumentera filosofisk, utan teologiske støtteargument eller foutsetningar.
Forsoningslære
Av stor betydning for vesterlandsk teologi var forsoningslæra hans som han greia ut i Cur Deus Homo (latin «Kvifor blei Gud menneske?»). Det var berre Gud som var i stand til å forsona Adam eller menneskja si synd, men soningsofferet måtte berast fram av eit menneske, og det var derfor Gud blei menneske i Jesus Kristus. Synda bestod i at menneska hadde vendt seg bort frå Gud, og denne krenkinga kunne godtgjerast gjennom satisfaksjon.
Det er den såkalla satisfaksjonsteori, der inkarnasjonen er naudsynt for å redda Guds ære.[5]
Remove ads
Kyrkjelærar
Anselm blei opphøgd til kyrkjelærar i 1720. Åtte hundre år etter at Anselm døydde promulgerte pave Pius X encyklikaen Communium Rerum i 1909, der Anselm sine skrifter blei kommenterte og hylla.
Verka til Anselm
- Monologion
- Proslogion
- Orationes sive Meditationes
- De Grammatico
- De Veritate
- De Libertate Arbitrii
- De Casu Diaboli, Epistola de Incarnatione Verbi
- Cur Deus Homo
- De Conceptu Virginali et Originali Peccato
- De Proccesione Spiritus Sancti
- Epistola de Sacrificio Azimi et Fermentati
- Epistola de Sacramenti Ecclesiae
- De Concordia Praescientiae et Praedestinationis et Gratiae Dei cum Libero Arbitrio
- De Anima
- Anselmus De monte Humulitatis.
Kjelder
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads