Ansvar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ansvar er eit fleirtydig ord som kan brukast om ulike omgrep[1], men grunntydinga er å "svare" for noko, stå til rette for noko, gjera reie for noko - eller bera utgiftene for noko som ein sjølv er årsak til.
Etymologi
Ansvar er eit arveord vi finn att i det norrøne "andsvar". Før i tida var denne skrivemåten òg brukt i nynorsk. Ordet ansvar kjem òg frå det latinske ordet for svar - responsum, som tyder å vera gjenstand for skuld eller plikt. And- finn vi òg i andre ord, som andføttes, andror og andøve. Vidare brukast på nynorsk ord som andlet og andsynes oftare enn på bokmål. And- tyder ’mot, til’, og andsvar er i Norrøn ordbok forklart som ’svar, tilsvar, motsvar, forsvar’. Tydinga ’svar’ finn vi att i engelsk "answer" og tysk "Antwort"[2].
Remove ads
Ein kan ha ansvar for
- oppgåve, oppdrag, aktivitet, arbeidsområde og liknande
- forplikting til å gjera eller la vere noko i moralsk, etisk og/eller juridisk forstand
- risiko i tydinga å bera konsekvensar av ei uventa utvikling: vanlegvis om det negative, det vil seia å klandrast, gjera meirarbeid, dekkje utgifter og anna, men òg om det positive, å få ros og anna som er fordelaktig
- erstatningsansvar (juridisk)
- strafferettsleg ansvar (juridisk)
- konstitusjonelt ansvar (juridisk).
Ofte vert ordet ansvar brukt i daglegspråket utan at det vert klargjort kva meininga er – eventuelt om ein siktar til fleire av tydingane. Særleg finst dette i utsegn om at ein person ber ansvaret eller har ansvaret for ei handling, unnlating, tilstand og liknande.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads