Antarktika

From Wikipedia, the free encyclopedia

Antarktika
Remove ads

Antarktika er namnet på det sørlegaste kontinentetjorda. Det blir også kalla Sørpolfastlandet. Det er ein del av verdsdelen Antarktis, som også omfattar havområdet rundt kontinentet. Det er den kaldaste staden på jorda og er nesten fullstendig dekt av is. Det har inga fast busetjing, men har nokre forskingsstasjonar og noko turisme.

Thumb
Samansett satellittbilde av Antarktika.
Thumb
«Hut Point» i Antarktika.
Foto: Eli Duke
Remove ads

Geografi

Antarktika ligg på den sørlege halvkula, nesten heilt sør for den sørlege polarsirkelen, med kyst mot Sørishavet. Kontinentet har ei flatevidd på 14,4 millionar km². Rundt 98 % av dette er dekt av isbrear, med ein gjennomsnittleg tjukkleik på minst 1,6 kilometer.

Kontinentet har ei årleg nedbørsmengd på berre 200 mm ved kysten og endå mindre i innlandet. Det er dermed for ein ørken å rekna, og flatevidda gjer han til verdas største. Antarktis er òg verdsdelen med høgast gjennomsnittleg høgd, lågast gjennomsnittleg luftråme og lågast gjennomsnittstemperatur. Sjå òg klima i Antarktis.

Antarktis er det femte største kontinentet i flatevidd, etter Eurasia, Afrika, Nordamerika og Søramerika.

Remove ads

Historie

Antarktika vart oppdaga seint i januar 1820. Som fleire andre land har Noreg gjort krav på delar av kontinentet, men desse krava har hatt lita meining etter Antarktistraktaten i 1961.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Antarktika


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads