Antiferromagnetisme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Antiferromagnetisme
Remove ads

I materiale som syner antiferromagnetisme er det magnetiske momentet til atoma eller molekyla, vanlegvis knytt til momentet til elektrona, retta i ei regulær fordeling der tilstøytande moment (på forskjellige undergitter) peikar i motsette retningar. Dette er, som ferromagnetisme og ferrimagnetisme, eit uttrykk for ordna magnetisme. Generelt kan antiferromagnetisk orden oppstå ved låge nok temperaturar og forsvinne ved og over ein viss temperatur, Néel-temperaturen (kalla opp etter Louis Néel, som først identifiserte denne typen magnetisk ordning i 1930- og 1940-åra).[1] Over Néeltemperaturen, vert materialet vanlegvis paramagnetisk.

Thumb
Antiferromagnetisk fordeling av moment.

Døme på antiferromagnetiske sambindingar er FeO, CoO og NiO. Antiferromagnetiske material har, i motsetnad til ferro- og ferrimagnetiske material, knapt noko praktiske bruksområde. Néel fekk Nobelprisen i fysikk i 1970 for å ha påvist antiferromagnetisme, og Clifford Shull fekk same pris i 1994 for å ha synleggjort antiferromagnetiske strukturar ved nøytrondiffraksjon.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads