Antiseptikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Antiseptikk (av gresk ἀντί anti, 'mot'[1] og σηπτικός sēptikos, 'rotnande'[2]) er ein metode eller behandling som går ut på å drepa sjukdomsframkallande mikroorganismar, særleg bakteriar. Middel som verker antiseptisk blir kalla antiseptika. Nokre døme på dette er jod, fenol og kloramin.[3]

Antiseptika blir vanlegvis brukt på levande vev, som hud, for å redusera fare for infeksjon, sepsis eller rotning. Ein skil dei som regel frå antibiotika, som trygt kan drepa bakteriar inne i kroppen, og desinfeksjonsmiddel, som kan brukast mot mikroorganismar på overflater til ting som ikkje lever.[4] Nokre antiseptika drep mikrobar (baktericid), medan andre er bakteriostatiske og berre stoppar eller saktnar veksten deira.[5]
Metoden blei utvikla av den britiske kirurgen Joseph Lister i 1867, og førte til ein revolusjon innan kirurgi. På operasjonsstova i dag er antiseptikken i stor grad, men ikkje heilt, avløyst av aseptikk, der ein unngår skadelege mikroorganismar gjennom sterilisering.[3]
Danskfødde Henry Jacques Garrigues introduserte antiseptisk obstetrikk til Nord-Amerika.
I Noreg blei antiseptikken innført av Julius Nicolaysen i 1889.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads