Anton Tsjekhov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anton Tsjekhov
Remove ads

Anton Pavlovitsj Tsjekhov (29. januar 186015. juli 1904) var ein russisk dramatikar og novellist.

Thumb
Anton Pavlovitsj Tsjekhov. Oljemåleri av Osib Bariz, 1898. Frå Tretjakovgalleriet
Kjappe fakta

Tsjekhov skapte modellen for det moderne dramaet og representerer overgangen frå realismen til symbolismen. Han skreiv skodespel om det grå og kjedelege tilværet til figurar i det førrevolusjonære Russland. Dei mest kjente av desse er Чайка (Måken) (1895), Три сестры (Tre søstre) (1900) og Вишнёвый сад (Kirsebærhagen) (1903). Her er det treffande samfunnskildringar, men det var primært menneskelege kjensler han ønskte å framstille. Plotta har ofte ytre sett heller lite hendingar, fylt av kjedelege ting som overveldar og lammar alt tilløp til handling. I staden for fysiske konfliktar, dramatiske vendepunkt og fargerike figurar møter ein kvardagsmenneske, eller utstøtte som er fanga i statiske atferdsrutinar. Figurane uttalar seg stort sett om det som har skjedd i fortida. Jo meir dei seier, jo mindre handlar dei. Men under overflata finst valdsame kjensler.


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Anton Tsjekhov
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads