Akeleieslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Akeleieslekta er ei planteslekt med om lag 60 til 70 fleirårige artar i soleiefamilien. Han er kjenneteikna av poseforma kronblad som ender i lange honningsporar som stikk opp mellom begerblada.
Plantane er rekna som giftige.[1] Akeleie har lenge vore dyrka som kulturplante, og var tradisjonelt brukt i urtemedisin.[2]
Den vanlegaste akeleiearten i Noreg, akeleie (Aquilegia vulgaris), finst forvilla frå klosterhagar og naturalisert i berg og urer i Sør-Noreg. Blomane er ofte blå, men finst også i mange andre fargar frå kvitt til blått eller raudt.[2]
Avkok av akeleie har vore brukt som augedropar og mot øyreverk. Ein har nytta akeleievatn som middel mot epilepsi, medan eit avkok med vin blei drukke ved beinbrot.[2]
Colorado Blue Columbine (Aquilegia caerulea) er delstatsblom for den amerikanske delstaten Colorado.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads