Begerblad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Begerblad (sepal, frå latin separatus 'åtskild' og gresk petalon 'blad') er ein del av blomsteren hos blomsterplantane. Begerblada er den ytre kransen av blomeblad i eit blomsterdekke med to eller fleire kransar av ulikt utforma og/eller farga blad.

Begerblada er som oftast grøne, og dei er til vanleg mindre framståande enn kronblada. Når blomsteren er i knopp, omsluttar og vernar begerblada dei indre delane av blomsteren.
Forma på begerblada varierer mykje mellom plantefamiliane. Hos grasfamilien eller korgplantefamilien kan dei vera svært reduserte. I nokre familiar er begerblada heilt eller delvis vaksne saman og dannar eit begerrøyr, som hjå fleire artar i nøkleblomfamilien.
Remove ads
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Begerblad» frå Wikipedia på bokmål, den 18. november 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads