Ar'ara
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
'Ar'ara (arabisk عرعرة; hebraisk skrift עַרְעָרָה, ‘einebærbusk’[1]) er ein arabisk by i Wadi Ara-regionen nord i Israel. Han ligg sør for Umm al-Fahm, like nordvest for den grøne linja og er ein del av Triangelet. I 2011 var folketalet 22 828.[2]
- Denne artikkelen handlar om byen nord i Israel. For samfunnet sør i Israel, sjå Ar'arat an-Naqab.
Remove ads
Historie
Det er funne graver med nisjer, hogd ut i stein, og austromersk keramikk.[3]
Det er grave ut i eit gravkompleks frå romartida ved Ar'ara med leirlampar og glassilåt og perler, som var vanleg dei første fire hundreåra. Det er òg funne leirbitar frå mamelukktida på same staden.[4]
I krossfarartida vart staden kalla Castellum Arearum. I landdelinga gjort av sultan Baybars i 1265-1266, vart Ar'ara delt mellom amirane hans Ala' al-Din og Sayf al-Din Bayhaq al-Baghdadi.[5]
Ar'ara, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i 1596 stod han oppført i Ar'ara i osmanske skattelister som ein del av Shara nahiya i Lajjun liwa. Han hadde åtte muslimske hushaldningar og betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.[6]
På 1700-talet var landsbyen framleis i Lajjun distrikt, men inntektene frå staden gjekk til mutasarrıfen i Jaffa.[7] Seint på 1800-talet vart staden skildra som:
Ein landsby med moderat storleik i høgda, med ei kjelde i aust, ei anna kjelde i vest og ein brunn i sør. Det finst graver hogd ut i berget i nærleiken. Folketalet er 400.[8]
I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Ar'ara 735 innbyggjarar, alle muslimar.[9] Dette auka i 1931 til 971, framleis alle muslimar, fordelt på 150 hus.[10]
I 1945 hadde Ar'ara og Arah eit folketal på 2 290 og privateigde landområde på 29 537 mål,[11] i tillegg til 5 802 mål kommunalt land.[12] Av dette var 1 724 mål nytta til plantasjar og kunstig vatna land, 20 560 for korn,[13] medan 33 mål var utbygde område.[14]
Ar'ara vart overført frå Jordan til Israel i 1949 som ein del av Rhodes-avtalane.[15]
Nabolandsbyen ʿAra vart slått saman med Ar'ara i 1985.
Panoramabilete
Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads