Umm al-Fahm

From Wikipedia, the free encyclopedia

Umm al-Fahm
Remove ads

Umm al-Fahm (arabisk أمّ الفحم; hebraisk אֻם אל-פַחְם Um el-Faḥem) er ein by som ligg 20 km nordvest for Jenin i Haifa distrikt i Israel med eit folketal i 48 500,[2] nesten alle arabarar.[3] Byen ligg på ryggen Umm al-Fahm der det høgaste punktet er Iskander (522 moh), oppom Wadi Ara. Umm al-Fahm er det sosiale, kulturelle og økonomiske senteret for innbyggjarar i Wadi Ara og Triangelet.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Namnet tyder «Mor av trekol» på arabisk[1] og landsbyen var omgjeve at naturleg skog som vart nytta til å produsere trekol. Fleire arkeologiske funn kring byen daterer busetnader til jernalderen, i tillegg til muslimsk, romersk og hellenistisk tid.[treng kjelde]

I 1265, etter Baybars erobra området frå krossfararane, vart inntektene frå Umm al-Fahm gjeven til Na'ib al-Saltana av Syria, Jamal al-Din al-Najibi.[4] I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelistene som ein del av Sara nahiya i Lajjun liwa. Han hadde då 24 hushaldningar, alle muslimar, som betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldig inntekter, geiter og/eller bikubar, og ei presse for olivenolje eller druesirup.[5]

I 1838 skreiv Edward Robinson om Umm al-Fahm på reisene sine,[6] medan den franske reisande Victor Guérin i 1870 skreiv at han hadde 1800 innbyggjarar og var omgjeve av vakre hagar.[7]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Umm al-Fahm som ein by med kring 500 innbyggjarar, av desse 80 kristne. Staden var velbygd i stein, og landsbybuarane vart skidlra som eit folk med mykje kyr, geiter og hestar. Han var den viktigaste staden i området, etter Jenin. Landsbyen var delt i fire bydelar, el Jebarin, el Mahamin, el Mejahineh og el Akbariyeh, kvar med sin eigen sjeik. Ein muqam for ein sjeik Iskander vart notert på ein ås oppom byen.[8]

I folketeljinga i 1922, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Umm al-Fahm eit folketal på 2 191; 2 183 muslimar og 8 kristne,[9] og dette auka i 1931 til 2443, med 2427 muslimar og 16 kristne, i 488 busette hus.[10]

I 1948 var det 4 500 innbyggjarar, hovudsakleg bønder, i Umm al-Fahm-området. Etter den arabisk-israelske krigen 1948, gav Lausanne-konferansen i 1949 heile Det vesle Triangelet til Israel, som ønskte området av tryggleiksårsaker. Den 20. mai 1949 signerte leiarane i byen ein truskapseid til Staten Israel. Etter byen vart ein del av Israel, voks folketalet raskt. I 1960 fekk Umm al-Fahm lokal kommunestatus av den israelske regjeringa. I 1965-1985 vart han styrt av eit valt kommunestyre. I 1985 fekk Umm al-Fahm offisiell bystatus.

I oktober 2010 støytte ei gruppe på 30 høgreaktivistar leia av Kach-rørsla saman med demonstrantar i Umm al-Fahm.[11] Mange politifolk og demonstrantar vart skadde i samanstøyten.[12]

Remove ads

Økonomi

Sidan opprettinga av Israel, har Umm al-Fahm gått frå å vere ein landsby til eit urbant senter for dei kringliggande landsbyane. Mange arbeider i anleggsverksemda.[13]

Idrett

Byen har fleire fotballklubbar. Maccabi Umm al-Fahm spelar på det andre nivået i Israel, Hapoel Umm al-Fahm på det tredje eller fjerde nivået og Bnei Umm al-Fahm spelar på det femte nivået.

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads