Arabella Kiesbauer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cosima Arabella-Asereba Kiesbauer (fødd 8. april 1969 i Wien), kjend som Arabella Kiesbauer, er ein tysk-ghanesisk-austerriksk programleiar, forfattar og modell. Ho er dotter av den tyske skodespelaren Hannelore Kiesbauer og den ghanesiske ingeniøren Sammy Ammissah, men vaks opp med bestemoren i Wien etter at foreldra vart separerte.
9. juni 1995 var ho målet for eit bombeangrep då den austerrikske terroristen Franz Fuchs sendte ei brevbombe til ProSieben-studioet der ho arbeidde.[1][2] Assistenten hennar, som opna brevet, vart skadd av bomba.[1][2]
Remove ads
Eurovision
Eurovision Song Contest 2015
På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Kiesbauer presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Alice Tumler og green room-programleiar Conchita Wurst.[3] Saman med Weichselbraun, Tumler, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[4]
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads