Arabia Terra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arabia Terra er eit landområde i høglanda på Mars, på den nordlege halvkula. Det strekkjer seg over 4 500 kilometer frå aust til vest. Det vart namnsett etter ein formasjon på eit Mars-kart frå 1800-talet teikna av Giovanni Schiaparelli.

Typisk for landområdet er bratte åsar, dalar og eldgamle nedslagskrater som har gjennomgått mykje erosjon og omdanning.
Arabia Terra grensar til Terra Sabaea i søraust, Noachis Terra i sør, og Margaritifer Terra i sørvest. I nordleg retning grensar området til Chryse Planitia, Acidalia Planitia og Vastitas Borealis. [1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads