Araknoidal granulasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Araknoidal granulasjon
Remove ads

Araknoidale granulasjonar (av latin granulationes arachnoideae) er små framspring i spindelvevshinna, den tynne hinna rundt hjernen. Framspringa gjennomborar senehinna, det tjukke ytterlaget.[1] Dei stikk inn i sinus durae matris, og verkar ved å tappe cerebrospinalvæske frå subaraknoidalrommet til kretsløpssystemet.

Thumb
Diagram som visar eit tverrsnitt langs skalletaket, med hjernehinner. Ein araknoidal granulasjon er synleg øvst til høgre.

Dei største granulasjonane ligg ved sinus sagittalis superior, eit stort rom fylt med vener som strekker seg frå baksida til framsida av skallen. Granulasjonane finst òg langs andre sinusar i hovudet. Mindre granulasjonar blir kalla araknoidale granulasjonar («tottar» eller villi). Store og forbeina granulasjonar blir kalla pacchioniske granulasjonar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads