Aram MP3
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Aram Sargsyan (fødd 5. april 1984 i Jerevan), kjend som Aram MP3, er ein armensk songar, låtskrivar, komikar, underhalder og skodespelar.
Remove ads
Biografi
Sargsvan vart fødd i Jerevan i Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen, i det som i dag er Armenia. I 2006 vart han uteksaminert ved Yerevan State Medical University.
Karriere
Han har mellom anna vore programleiar for to sesongar av X-Factor på Shant TV og Hay Superstar på same kanal. Han har òg leia fleiere program på Armenia TV.[1]
Personleg liv
Sargsvan har vore gift med Anna Margaryan sidan april 2008. Dei har ein son, fødd i juni 2011.[2]
Remove ads
Eurovision
Eurovision Song Contest 2014
31. desember 2013 valde Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun Aram MP3 til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen, «Not Alone», vart presentert 14. mars 2014 og vil verte framført på engelsk. Han har skrive songen saman med Garik Papoyan.
Fleire store tippeselskap, inkludert Bwin og Sky Bet, spår at bidraget vil vinne Eurovision Song Contest 2014.[3][4]
Remove ads
Diskografi
Singlar
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads