Arar i Saudi-Arabia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arar (arabisk عرعر, ʿArʿar) er ein by og administrativt senter i Den nordlege grenseprovinsen i Saudi-Arabia. Han har eit folketal på 145 237 (folketeljing 2004).[1]
Arar ligg nordaust i Saudi-Arabia nær grensa til Irak. Byen er kjend for frodige jordbruksland.
Remove ads
Historie
Arar vart grunnlagd i 1951, etter Aramco bygde ei oljerøyrleidning (Tapline) gjennom området. Staden var opphavleg ein pumpestasjon med eit legekontor og hus for arbeidarane. Arbeidarane i Arar kom hovudsakleg frå regionane i Al-Ahsa, Ha'il, Yanbu og Al Wajh.[treng kjelde]
Arar fekk namnet sitt frå det opphavlege oljefeltet som låg her før byen foks til, «Field RR», eit av mange i landet, og dei lokale kalla ham berre «R.R.» som seinare vart ʿArʿar.[treng kjelde] Namnet Arar tyder einer på arabisk.
I 1968 vart det grave fram ruinane av ein eldgammal by kring 30 km frå byen 'Ar'ar. Her fann ein mange skulpturar av fisk, skjelpadder og andre havdyr.
Iraki Airways Flight 163 styrta nær flyplassen i 'Ar'ar den 25. desember 1986.
Den 5. januar 2015 vart to saudiarabiske grensvakter drepen i eit sjølvmordsåtak utført av Den islamske staten ved grenseovergangen i Arar.[2]
Remove ads
Geografi
Arar ligg heilt nord i Saudi-Arabia, i hjartet av ei stor, steinete kalksteinsslette. Han ligg kring 1100 km nordvest for Riyadh, og kring 60 km frå grensa til Irak.[3]
Klima
Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem klassifiserer klimaet i Arar som varmt ørkenklima (BWh).[4] Vinden bles generelt frå aust eller vest, sjeldan frå sør. Regnfallet over området har minka dei siste åra. Snø er ikkje uvanleg om vinteren, og kjem omtrent kvart andre eller tredje år.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


