Aratinga

slekt av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Aratinga
Remove ads

Aratinga er ei biologisk slekt av parakittar og medlem av papegøyefamilien, Psittacidae. Leveområdet er aust for Andes i Sør-Amerika, alle dei seks artane finst innanfor grensene til Brasil.

Kjappe fakta

Namnet 'Aratinga' kjem frå tupíspråk og tyder klårt farga fugl eller papegøye.[1]

Remove ads

Skildring

Dette er parakittar i kraftfulle farger, mest i gult og grønt. Heile eller ytste delar av handsvingfjørene er djupblåe. Ein markert ring av berr hud rundt auga synast ofte kvit eller lys, hos svovelparakitt er farga på ringen skildra som blågrå,[2] og hos eldkroneparakitt er denne huda mørk. Dei har kroppslengd på om lag 30 centimeter inkludert relativt lange halar. Kjønna er like.

Aratinga-parakittar har utbreiing frå sørlegaste Colombia og søraustlege Venezuela til nordlege Argentina. Korkje Uruguay eller Chile har naturlege populasjonar av nokon av desse artane. Typar av habitat som dei nyttar varierer mellom artane, alle synast å trenge tilgang på opne område sjølv om dei beitar i skog. Nendayparakitt kan plukke føde på bakken. Alle har relativt lågtliggande habitat, men eldkroneparakitt kan leve i over 2000 moh. i søraustlege Brasil.

Aratinga er sosiale fuglar, flyg snøggt og direkte i store flokkar. Føda er frø, nøtter, frukter og nokre er observerte i å supplere med blomar.

Remove ads

Taksonomi og artsliste

Det som ornitologien tidlegare lista opp som Aratinga var ei langt større gruppe på totalt ca. 24 papegøyeartar. I 2014 blei gruppa splitta i 4 slekter:[3] Aratinga, Eupsittula, Psittacara og Thectocercus.

Typearten i dagens Aratinga er rekna å vere solparakitt.[4]

Aratinga i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

  • Kvitøyreparakitt, Aratinga weddellii, Dusky-headed Parakeet, Deville, 1851, (LC)
  • Nendayparakitt, Aratinga nenday, Nanday Parakeet, Vieillot, 1823, (LC)
  • Solparakitt, Aratinga solstitialis, Sun Parakeet, Linné, 1758, (EN)
  • Svovelparakitt, Aratinga maculata, Sulphur-breasted Parakeet, Müller, 1776, (LC)
  • Jandayaparakitt, Aratinga jandaya, Jandaya Parakeet, Gmelin, 1788, (LC)
  • Eldkroneparakitt, Aratinga auricapillus, Golden-capped Parakeet, Kuhl, 1820, (NT)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads