Araucanía-regionen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Araucanía-regionen
Remove ads

Araucanía (spansk Región de La Araucanía) er ein av Chiles 16 førsteordens administrative inndelingar, og omfattar to provinsar: Malleco i nord og Cautín i sør. Temuco er hovudstad og største byen i regionen. Andre vektige byar inkluderer Angol og Villarrica.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Dette geografiske området vart ikkje innlemma i Chile før på 1880-talet, då Chile okkuperte området med både militære og politiske middel for å få slutt på motstanden frå urfolksgruppa mapuche. Dette opna området for chilensk og europeisk immigrasjon og busetjing.

I perioden 1900–1930 voks folkesetnaden i Araucanía monaleg, det same gjorde økonomien trass i lågkonjunkturar som ramma resten av Chile. Araucanía vart eit av dei viktigaste landbruksdistrikta i Chile. Den administrative Araucanía-regionen vart etablert i 1974, i det som var kjernen i den større historiske regionen Araucanía.

I det 21. hundreåret er Araucanía den fattigaste regionen i landet målt i BNP per innbyggjar.[2] Omtrent ein tredel av befolkninga til regionen er etnisk mapuche, den høgaste andelen av ein chilensk region.[3] Araucanía-regionen har vore sentrum for konfrontasjonane til den pågåande Mapuche-konflikten, ettersom mapuche har pressa landskrava sine mot sentralregjeringa.

Remove ads

Natur

Opphavleg skog, med bøketreartane coigüe og raulí, og laurbærtrearten tepa, og dessutan sypresstre, kryssar regionen i alle retningar. Det majestetiske skjelgran, også kjent lokalt som pehuén, ruvar over dei andre trea. Frukta - piñónen, ein type pinjekjernar - er framleis ein hovudrett for urfolket pehuenches.

Ein stor del av denne naturrikdommen er verna i ulike nasjonalparkar (Nahuelbuta, Tolhuaca, Conguillío, Villarrica og Huerquehue nasjonalparkar), eller nasjonale reservat (Malalcahuello, Las Nalcas og Alto Biobío).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads