Spansk

romansk språk From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Spansk (au kjent som kastiljansk) er eit ibero-romansk språk, og det tredje mest snakka språket i verda. Det er morsmålet for omkring 352 millionar menneske, eller 417 millionar viss ein òg inkluderer dei som ikkje har spansk som morsmål (i fylgje estimat frå 1999). Majoriteten av den spansktalande befolkninga lever i Latin-Amerika.

Kjappe fakta
Remove ads

Utbreiing

Spansk er eit av dei offisielle språka i dei sameinte nasjonane, Den afrikanske unionen, Den europeiske unionen og i USA. I tillegg er spansk eit offisielt språk (og det viktigaste språket) i 20 land: Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Costa Rica, Cuba, Den dominikanske republikken, Ecuador, El Salvador, Ekvatorial-Guinea, Guatemala, Honduras, Mexico, Nicaragua, Panama, Paraguay, Peru, Puerto Rico, Spania, Uruguay og Venezuela.

Spansk er òg talemål i Andorra, Belize, Canada, Gibraltar, Israel, Nord-Marokko, Dei nederlandske Antillane, Filippinane, USA, Trinidad og Tobago og Vest-Sahara. Den nærskylde varianten jødespansk blir i dag særleg tala i Tyrkia (fram til andre verdskrigen òg i Hellas og andre stader på Balkan), men òg i nokon grad i Israel og nokre av kystbyane i Marokko — den sistnemnde staden under namnet haquetía.

Thumb
Land der spansk er offisielt språk (de jure eller de facto)
Remove ads

Grammatikk

Hovudartikkel: Spansk grammatikk

Spansk grammatikk har stor formrikdom. Spansk har to kjønn og eit verb har om lag femti bøyingsformer i båe modusane, men ingen kasus og ei avgrensa pronomenbøying.

Sjå au

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads