Aras

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aras
Remove ads

Aras (òg kalla Araks, Arax, Araxi, Araxes, Araz, eller Jeraskh; tyrkisk Aras Nehri armensk Արաքս, aserbajdsjansk Araz, persisk ارس, kurdisk Aras eller Araz) er ei elv som renn gjennom landa Tyrkia, Armenia, Iran og Aserbajdsjan. Den totale lengda er 1 072 km.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Grenseelva

Aras har utspring nær Erzurum i Tyrkia. Ho møter elva Akhurjan søraust for Digor, og dannar så grensa mellom alle landa i området. Først mellom Tyrkia og Armenia, før ho vidare strøymer langs Tyrkia og Aserbajdsjan sin Nakhitsjevan-eksklave. Ho renn så vidare langs grensa av Iran og Nakhitsjevan, grensa mellom Iran og Armenia og så grensa mellom Iran og sjølve Aserbajdsjan, før ho møter elva Kura. Kura renn så ut i Kaspihavet.

Remove ads

Soge

Namnet til Aras går heilt tilbake til det antikke Armenia. I antikken meinte Armenes, som ein trur er stamfaren til dagens armenarar, at vatnet var heilag. Ut i frå dette kalla han elva opp etter Arast, ein etterkomar av den legendariske armenske patriarken Haik.[1] Namnet vart seinare hellenisert til Araxes, og vart ein del av Kura-Araxes kulturen, eit prehistorisk folk som blømde i dalane til elvene Kura og Aras.

Fleire gonger er det derimot Volga som vert kalla Araxes, særleg i Herodot sine soger.

Enkelte meiner òg at Aras er elva Gihon, som er nemnd i andre kapittel av Bibelen. Gihon var ei av fire elvar som rann ut frå Edens hage

I moderne historie er Aras mest kjend som ei geografisk, politisk grense. I 1813 vart ho vald som grensa mellom Persia og Russland i Golestan-traktaten, der heile området nord for elva vart annektert til Russland. Iran og Sovjetunionen bygde seinare ei felles demning i elva i Poldasjt-området.

Remove ads

Populær kultur

Elva Aras vert nemnd i songen «Holy Mountains» av musikkgruppa System of a Down på albumet Hypnotize.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads