Erzurum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erzurum (vert òg kalla Erzerum, Arzrum; Arzen i antikken; Karin (Կարին) eller Garin på armensk; Theodosiupolis eller Theodosiopolis i Bysants) er ein by aust i Tyrkia. Han er den største byen og det administrative senteret i provinsen Erzurum. Byen ligg 1757 meter over havet og har kring 370 000 innbyggjarar. Namnet kjem frå persisk Arz-e Rum, «Romas grense». Byen har vore eit handelssenter i hundreår og var ein av stasjonene langs Silkevegen. Byen si historie går tilbake til heilt frå 4000 fvt.
Under den kalde krigen låg den søraustlege flybasen til NATO i Erzurum, som hadde kallenamnet «The Rock».
Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.
Erzurum arrangerte vinter-Universiaden i 2011. I samband med dette vart den første store hoppbakken i Tyrkia bygd.[1][2]
Remove ads
Klima
Erzurum har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb). Sommaren er kort, med særs varme dagar og kjølige netter. Maksimumstemperaturen i august er kring 28 ºC. Varmerekorden er 36,5 °C (97.7°F), den 31. juli 2000. Vintrane er særs kalde med ein normal minimumstemperatur i januar kring -16 °C. Temperaturen når som regel under -30 °C kvart år. Kulderekorden for byen er -37,2 °C, den 28. desember 2002.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads