Arc av Neil Young
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arc er ei samling av feedback, gitarstøy og vokalfragment som vart innspelt under forskjellige konsertar i 1991 med Neil Young og Crazy Horse. Opphavleg vart plata gjeven ut i lag med Weld i ein spesiell trippel-CD kalla Arc-Weld. Arc har ingen likskap til musikken til Sonic Youth, som var eit av oppvarmingsbanda på turneen.
I følgje eit intervju med Steve Martin frå Agnostic Front som stod i desember 1991-utgåva av magasinet Pulse! kom Arc til ut frå ein film som Young laga, som bestod av byrjingar og sluttar på forskjellige songar frå ein turne i Europa på midten av 1980-åra. Young synte videoen til Thurston Moore i Sonic Youth, som driv med avantgardmusikk, og han foreslo å lage eit heilt album på liknande vis. Young plasserte eit videokamera på forsterkaren sin under turneen i 1991 og tok opp byrjingane og sluttane på forskjellige songar, og dette vart klipt saman til eit einaste langt spor på Arc.
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Neil Young: gitar, vokal, datamaskin, feedback
- Frank «Poncho» Sampedro: gitar, univox stringman, vokal
- Billy Talbot: bass, vokal
- Ralph Molina: trommer, vokal
- Sal Trentino: elektronikk
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads