Archilochus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Archilochus er ei biologisk slekt av kolibriar i stammen Mellisugini, «bikolibriar». Slekta omfattar berre to artar, og begge er hekkefuglar i Nord-Amerika, samla sett frå austlege Canada til sør i USA. Dette er trekkfuglar som migrerer sørover til Mexico og Mellom-Amerika, heilt til Panama, i dei nordlege vintermånadene. Rubinstrupekolibrien kryssar Mexicogolfen under trekket.
Det maskuline slektsnamnet Archilochus viser til den greske diktaren Arkhilokhos frå øya Paros, som levde rundt år 650 f.Kr., kjend for sin frekke, originale stil og for å utfordre det som var rekna som normalt eller respektabelt.[1]
Remove ads
Kjenneteikn
Kolibriane i denne slekta er mellom 7 og 9 cm lange. Dei har svarte, lett nedoverbøygde nebb, og hannane har grøn overside og gråkvit underside med grøne flankar. Rubinstrupekolibri (A. colubris) har ein metallisk raud strupeflekk, medan svartstrupekolibri (A. alexandri) har ein fløyelssvart strupeflekk med fiolett glans nedst. Hoene har gråkvit underside utan den karakteristiske strupeflekken til hannar. Begge artane er svært vanlege i eit breitt spekter av habitat innan dei store utbreiingsområda sine.[2][3]
Remove ads
Systematikk og taksonomi
Slekta Archilochus vart føreslått av den tyske ornitologen Ludwig Reichenbach i 1854, og typearten vart ved monotypi definert som Trochilus alexandri, no kjend som Archilochus alexandri (svartstrupekolibri).
Artsoversyn
Slekt Archilochus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads