Norwegian Horse Festival

From Wikipedia, the free encyclopedia

Norwegian Horse Festival
Remove ads

Norwegian Horse Festival, frå 2006 til 2018 Arctic Equestrian Games,[1] var ei årleg hending for hesteinteresserte arrangert av Oslofjord og Vestfold Horse Show AS, og det største hesteshowet i Noreg.[2] AEG blei arrangert for fyrste gong i februar 2006 på Oslofjord Convention Center i Stokke. Arrangementet avgrensa seg til ryttarar som var elitestemnekvalifiserte.

Thumb
Oslofjord Convention Center ved Tønsbergfjorden i Stokke kommune
Remove ads

Arrangement

AEG 2006

AEG blei gjennomført for fyrste gong i 2006. Under dette arrangementet heldt Briskeby og Sandra Lyng Haugen konsertar, medan Ylvis-brørne og Kjetil og Kjartan opptredde. Det blei også arrangert eit ungarsk hesteshow. Arrangørane fekk kritikk for dårleg transportmogelegheiter og høge matprisar, men ros for servicen og personalet. Nettstaden hest.no skreiv at personalet var «Kun ja-mennesker».[3] Fleire av dei som hadde utstilling og hadde betalt for stand under arrangementet kravde halvparten av pengane tilbake frå arrangøren Vestfold Horse Show AS på grunn av for få besøkande i forhold standpris,[4] noko som blei svart med eit tilbod om enten 20 % refundering av det dei hadde betalt for å ha stand på BCC eller 15 % avslag under AEG 2007 og sikra standplass. I følgje arrangøren valde 85 % den siste løysinga.

AEG 2007

AEG 2007 varte i elleve dagar, og involverte 250 ryttarar og 550 hestar.[5] Den totale premiepotten på dette ridestemnet var på 1,5 millionar NOK.

AEG Promotion Cup

I 2008 blei det arrangert ein AEG Promotion Cup der alle rideklubbar i Noreg var med, og dermed kvalifiserte seg for Horze Jumping cup- og Amateur Challenge-klassane. Denne konkurransen blei arrangert av Eirik Berentsen, og vart ein salskonkurranse.[6]

Remove ads

Seinare år

Festivalen blei avlyst under koronapandemien i 2020[7] og 2021.[8] Han blei halden i desember 2022,[9] men så avlyst att i 2023.[10]

Arenaer

AEG blei fyrst halden inne i storsalen på Oslofjord Convention Center, der hestearenaen måler 28 x 72 meter, og det er publikumsplass til 4 000.

Hendinga flytta til Lillestrøm i 2019, der ho blei halden i Nova Spektrum (Norges Varemesse).[11]

Greiner

AEG skil seg ut frå andre hestearrangement ved kombinering mellom greiner som sprang, dressur og mounted games samstundes som det blir arrangert underhaldningshow og -konsertar.

Under AEG blir det òg halde forskjellige hesteshow som Six Bar, Rid'n Bike, Charity Show, forsøk på noregsrekord i høgdehopp, ponnigalopp, moteshow for hest, unghestauksjon og norsk varmblods hingstkåring.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads