Arga

From Wikipedia, the free encyclopedia

Arga
Remove ads

Arga er ei elv i Navarra i Spania og ei av sideelvane til Aragón. Arga vart kalla Runa i antikken. Ho ligg nordaust i Spania og har ei lengd på 145 km. Nedslagsfeltet hennar er 2759 km². Elva spring ut nord i Errodalen og munnar ut i Rio Aragón nær Funes.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Elva er demd opp ved Euguireservoaret nær Esteríbar, ein liten landsby i Navarra. Dammen er hovudsakleg til for å tene området i og rundt Pamplona.

Remove ads

Vegetasjon

I den øvre delen av elva er ho hovudsakleg omgjeve av bøkeskog og i skogen veks blåbær, cornwall-lyng, halvgras og frytle. I tillegg finn ein andre tre som or, ask, lønn, hasseltre og trollhegg. Etter demninga veks det hovudsakleg eik og furu ved elva.

I den nedste delen finst òg skjørpil, og nedanfor Belascoáin går plantelivet over frå å vere typisk kantabrisk til å verte middelhavsk med svartpoppel og kvitpil.

Remove ads

Kjelder

42°17′47″N 1°47′06″W

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads