Bøk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bøk
Remove ads

Bøk eller bok (Fagus sylvatica) er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Bøk veks naturleg nokre få stader i Sør-Noreg.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.

Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Eit tre kan bli 2–400 år gammalt.

Bruk

Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.

Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.

Bøk i Noreg

Bøk er det treslaget som innvandra sist til Noreg, for om lag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetolande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.

Bøk er fylkesblomster i Vestfold.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads