Argenteuil

From Wikipedia, the free encyclopedia

Argenteuilmap
Remove ads

Argenteuil er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 12,3 km frå sentrum av Paris. Argenteuil er sous-préfecture (underhovudstad) i departementet Val-d'Oise og er òg sete i Arrondissementet Argenteuil.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Argenteuil vart grunnlagd som eit nonnekloster på 600-talet, men dette vart øydelagd under den franske revolusjonen. Argenteuil var kjend for den kvite aspargesen og druene som vart dyrka her. Ordet Argenteuil er synonymt med kvit asparges på menyar. Ein gong var staden ein stad der parisarane kunne vandre i landlege omgjevnadar, men er i dag ein urban forstad til Paris. Målarar, som Claude Monet, har mellom anna gjort Argenteuil vidkjend.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Argenteuil


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads