Arkeologi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Arkeologi
Remove ads

Arkeologi er studiet av menneskeleg aktivitet, det vil seie korleis dei levde, kva dei levde av, og eventuelt kvar dei kom frå eller drog til, hovudsakleg gjennom studiet av dei materielle leivningane som finst etter dei på og i jorda. Systematiske arkeologiske utgravingar er ei viktig metode for å skaffe fram dette materialet. Men moderne teknikk har òg stilt andre metodar til rådvelde for arkeologien, som til dømes fotografering frå fly og bruk av såkalla georadar, eit apparat som kan avteikne konstruksjonar som ligg under jordoverflata.

Thumb
Arkeologiske utgravingar i Roma.
Foto: Adrian Pingstone

Arkeologi er den viktigaste måten å finne ut meir om tidleg menneskeleg historie på frå så gamal tid at det ikkje finst skriftlege kjelder å halde seg til, såkalla førhistorisk tid, før ein tok til å skrive. Arkeologiske metodar kan også brukast til å gje kunnskap om livet i historisk tid, og fylle ut hòl og stadfeste eller avkrefte påstandar i skriftlege kjelder frå slike tider, som dei mange arkeologiske utgravingane av leivningar frå mellomalderen gjev gode døme på.

Thumb
Gravstader og leivningar er viktige arkeologiske kjelder. Dette er «Ginger», det eldste mumifiserte mennesket frå Egypt, i ein rekonstruert gravstad ved British Museum.
Remove ads

Sjå au

  • Dateringsmetodar:
Thumb
Eldre byggverk kan gje arkeologisk kunnskap om korleis ein levde i fortida. Men det finst ikkje bygningar her i Norden som er eldre enn frå mellomalderen, berre spor og restar etter dei under jordoverflata.
Foto: John Erling Blad
  • Funntypar:
    • Avfall etter busetnad
    • Bautasteinar
    • Byggverk frå eldre tider
    • Gravminne, gravfelt og gravhaugar
    • Leivningar etter menneske, til dømes myrlik, mumiar, lik og beinrestar i gravhaugar, på gravfelt
    • Myrfunn
    • Reiskap av stein, knokkel, gevir og avfall frå produksjon av reiskap
    • Ruinar
    • Stolpehol og andre spor under jordoverflata etter byggverk og konstruksjonar
    • Trekol og innretningar etter eldstadar
    • Trekolhaldige lag i jorda, pollen (korn av blomsterstøv) etter særskilde planter og andre spor som tyder på menneskeleg aktivitet
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Arkeologi


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads