Reiskap
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein reiskap eller eit verktøy er eit hjelpemiddel ein bruker til å utføra eit arbeid, gjerne eit mekanisk arbeid. Ein trudde lenge at evna til å bruka reiskap skilde menneska frå dyra. Seinare har ein funne at både fleire primatar, særleg sjimpansar, og fuglar som ramnar kan ta i bruk enkle ting som reiskap. Mange antropologar meiner at ein fri tommel til å halda reiskapar med og intelligens til å bruka dei har drive menneskeslekta si utvikling framover.


Reiskapar gjer oss ferdigheitar me ellers ikkje ville hatt, som styrke til å slå ein spiker inn i ein vegg eller ein egg skarp nok til å skjera i tre. På grunn av dette kan reiskapar òg nyttast som farlege våpen. Ordet reiskap er i slekt med det norrøne ordet reiðskapr, som tyder 'kamputstyr'.[1]
Ulike reiskapar

- Reiskap for innhausting:
- Ete- og matlagingsreiskapar:
- Eggskjerar
- Gaffel
- Gryte
- Kjøttkvern
- Kniv
- Korketrekkar
- Matpinnar
- Ostehøvel
- Rasp
- Skei
- Sleiv
- Steikespade
- Trau
- Tvore
- Visp
- Elektriske reiskapar:
- Drill
- Motorsag
- Varmereiskapar:
- Loddebolt
- Sveiseapparat
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.