Arne Friedrich
tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arne Friedrich (fødd 29. mai 1979 i Bad Oeynhausen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk fotballspelar som har spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga og for det tyske landslaget. Han spelte i åtte år, frå 2002 til 2010, for Hertha Berlin.
Friedrich debuterte for Tyskland sitt A-landslag 21. august 2002, i ein kamp mot Bulgaria. Den første store turneringa hans var fotball-EM i 2004, der han spelte alle Tyskland sine tre kampar, før dei rauk ut etter gruppespelet. I fotball-VM i 2006 gjekk det betre for Tyskland og Friedrich, som spelte alle Tyskland sine kampar, utanom bronsefinalen då han var skadd. I fotball-EM i 2008 var han i utgangspunktet reserve, men då Marcell Jansen vart skadd, spelte han frå start i den siste gruppekampen og alle dei tre gjenverande kampane. I fotball-VM i 2010 spelte han frå start til slutt i alle dei sju kampane, då Tyskland tok bronsemedalje. Han skåra det første landslagsmålet sitt i kvartfinalen mot Argentina, i det som var den 77. A-landskampen hans.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads