Arnsberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arnsberg er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Hochsauerland nordaust for Sauerland i elvedalen til Ruhr.
Remove ads
Historie
Arnsberg vart bygd av grevane av Werl på 1000-talet. Dei bygde ei borg som ein framleis kan sjå restane av, og som vert nytta til folkelege feiringar.
På 1100-talet vart Arnsberg sete for westfalisk domsmakt. Seinare mista byen sjølvstende sitt og høyrte til Köln-området då erkebiskopane regjerte her. Byen vart heilt øydelagd under sjuårskrigen i 1769. I 1816 gjekk Arnsberg til Preussen og vart sete for ein lokal administrasjon.
Under den andre verdskrigen mista mange innbyggjarar livet under britiske bombetokt som hadde ein jernbaneviadukt som mål. Målet vart til slutt øydelagd 19. mars 1945 av ei Grand Slam-bombe.
Den noverande byen Arnsberg vart oppretta i 1975 ved at 14 byar og kommunar vart slått saman til ein by. Gamle Arnsberg og Neheim-Hüsten er to urbane delar, medan dei andre delane er meir landlege. Neheim og Hüsten vart slått saman i 1941.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads