Ruhr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ruhr
Remove ads

Ruhr er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen, vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 217 km. Det nærliggande industriområdet er kalla opp etter elva.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads
Thumb
Ruhrdalen nær Bochum under ein flaum

Ruhr har utspring i ei høgd på 674 meter over havet nær byen Winterberg i fjellområdet Sauerland, og munnar ut i Rhinen i ei høgd på berre 19 meter nær Duisburg. Ved Mülheim, nær munningen, har elva ei middelvassføring på 79 m³/s.

Elva vert nytta til drikkevatn og har god vasskvalitet, noko som er ironisk sidan ordet «ruhr» på tysk tyder dysenteri. Elvebreidda vert stort sett nytta til fritidsaktivitetar.

Remove ads

Byar

Ruhr renn først gjennom byane Meschede, Arnsberg, Wickede, Fröndenberg, Holzwickede, Iserlohn og Schwerte.

Så markerer elva den sørlege grensa til Ruhrområdet, og renn gjennom Hagen, Dortmund, Herdecke, Wetter, Witten, Bochum, Hattingen, Essen, Mülheim og Duisburg.

Innsjøar

Det er fem reservoar på elva, som ofte vert nytta til fritidsaktivitetar.

  • Hengsteysee mellom Dortmund og Hagen. Overflateareal: 1,36 km². Høgd på demning: 4,5 m
  • Harkortsee mellom Hagen Herdecke og Wetter. Overflateareal: 1,37 km². Høgd på demning: 7,8 m
  • Kemnader See mellom Witten og Bochum. Overflateareal: 1,25 km². Høgd på demning: 2 m
  • Baldeneysee i Essen-Werden. Overflateareal: 2,64 km². Høgd på demning: 8,5 m
  • Kettwiger See i Essen-Kettwig. Overflateareal: 0,55 km². Høgd på demning: 6 m.
Remove ads

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads