Artas i Betlehem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Artas (arabisk أرطاس) er ein palestinsk landsby fire kilometer sørvest for Betlehem i Betlehem guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 663 i 2007.[2]
Remove ads
Historie

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 32 muslimske hushaldningar.[3]
Fram til 1800-talet, hadde innbyggjarane i Artas ansvar for Salomodammane, ei tunikt vassystem som gav vatn til Betlehem og Herodium og Tempelhøgda eller Haram al-Sharif i Jerusalem.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja området i juli 1863,[5] og han estimerte at landsbyen hadde kring 300 innbyggjarar. Mange av husa i landsbyen var bygde av gamle byggemateriale.[6]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «ein liten landsby høgt oppe i ei li, med gode kjelder bak.»[7]
Det britiske mandatet
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Urtas eit folketal på 433, dei fleste muslimar, medan 44 var kristne.[8] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Artas 619 i 123 busette hus.[9]
I 1945 auka folketalet i Artas til 800, alle arabarar, som eigde 4 304 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 894 dekar var plantasjar og irrigert land, 644 for korn,[11] medan 54 dekar vart utbygd (urbant) land.[12]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads