Arteria subclavia

stor arterie som går under kragebeinet From Wikipedia, the free encyclopedia

Arteria subclavia
Remove ads

Arteria subclavia er to (høgre og venstre, latin dextra og sinistra) pulsårer (arteriar) som ligg rett under kragebeina (lat. clavicula) og leverer blod til armane. Også nokre pulsårer til hovud- og hals-området går av frå subclavia.

Thumb
Prinsippskisse over aortas øvre del med fråførande kar. Pila viser blodstraumen frå hjartet. 1: aorta 2: truncus brachiocephalicus 3: arteria subclavia dextra 4: a. carotis communis dextra 5: a. carotis communis sinistra 6: a. subclavia sinistra. I røynda ligg ikkje aortabogen og dei fråførande kara i same planet. Bogen går forfrå og bakover mens kara er ordna frå side til side.

På venstre side går subclavia rett av frå aorta (hovudpulsåra). På høgre side går ho av frå pulsåra truncus brachiocephalicus som går av frå aorta.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads