Arthur Rubinstein
polsk pianist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arthur Rubinstein (fødd Artur Rubinstein, 28. januar 1887–20. desember 1982) var ein polsk pianist, og ein av dei største klassiske pianistane på 1900-talet. Han var særs kjend for sine tolkingar av Chopin og Brahms.
- For den russiske komponisten, sjå Anton Rubinstein.
Remove ads
Karriere


Artur Rubinstein vart fødd i Łódź i Polen som den yngste av åtte sysken i ein jødisk familie. Han synte svært tidleg musikalske evner, og kunne spela piano allereie som fireåring. Som barn studerte han piano i Warsawa, før han som tiåring flytte til Berlin for å studera vidare der. Tretten år gamal debuterte han med Berlin Filharmoniske Orkester, og studerte vidare under Karl Heinrich Barth, som sjølv hadde hatt Franz Liszt til lærar.
I 1904 flytte Arthur Rubinstein til Paris, der vart han kjend med Maurice Ravel, Paul Dukas og Jacques Thibaud. Han debuterte i Carnegie Hall i New York i 1906, og reiste deretter på turné i Sambandsstatane, Italia, Austerrike og Russland.
Trass i strålande musikalsk framgang, hamna Rubinstein i både økonomiske og kjenslemessige vanskar. Kreditorane var etter han, og då han vart truga med å bli kasta ut av hotellrommet sitt i Berlin, forsøkte han desperat å hengja seg i 1908.
I 1912 debuterte han i London. Han oppheldt seg mykje der i byen under fyrste verdskrigen. Frå 1916 tok han til å reisa på turné i Spania og Sør-Amerika, til stor suksess. Her tok han til å setja pris på spansk musikk, av komponistar som Enrique Granados, Isaac Albéniz, Manuel de Falla og Heitor Villa-Lobos. Rubinstein opptrådte aldri meir i Tyskland etter 1914, av di han kjende avsky for måten landet hadde opptredd på i fyrste verdskrigen. I staden turnerte han i England i 1919 saman med to songarar, og i 1921 reiste han på turné i USA att.
Remove ads
Ekteskap og alderdom
I 1934 gifte han seg med den polske ballerinaen Nela Młynarska, og fekk fem barn med henne. Han hadde fleire kjærleiksforhold også i løpet av dette ekteskapet.
Frå og med andre verdskrigen vart Sambandsstatane midtpunktet i karrieren hans. I løpet av karrieren gjorde Rubinstein ei lang rekkje plateinnspelingar. Rubinstein vart USA-amerikansk innbyggjar i 1946. På midten av 1970-talet byrja synet til Rubinstein å veikna, og han gav sin avskjedskonsert i London i 1976, åttini år gamal. Året etter gjekk han frå kona og gifte seg med den mykje yngre Annabelle Whitestone.
Remove ads
Død og ettermæle
I 1982 døydde Rubinstein i Geneve i Sveits, 95 år gamal. Kroppen hans vart kremert, og urna hans gravlagt i Jerusalem eitt år etter dødsfallet. Skogen der grava ligg, heiter i dag Rubinstein-skogen. Den israelske musikkforeininga Arthur Rubinstein International Music Society vart grunnlagt til minne om han.
Arthur Rubinstein vann talrike prisar og utmerkingar. Mellom anna fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame, og han vann til saman seks Grammy-prisar, anten åleine eller i samarbeid med andre. Éin av desse er den ærverdige Grammy Lifetime Achievement Award, som han fekk tildelt posthumt i 1994.
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Arthur Rubinstein» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads