Arthur Wesley Dow
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arthur Wesley Dow (6. april 1857–13. desember 1922) var ein amerikansk målar, trykker, fotograf og innverknadsrik kunstlærar.

Dow var fødd i Ipswich i Massachusetts. Han arbeidde ved fleire av kunstutdanningsinstitusjonane i USA i tre tiår, blant anna Teachers College ved Columbia University, Arts Students League, Pratt Institute og hans eigen Ipswich Summer School of Art. Ideane hans var ganske revolusjonerande for tida; han meinte at ein heller enn å kopiera naturen skulle skapa kunst frå element som fargesetjing, linjer, masse og kontrastar. Han formulerte tankane sin i boka Composition: A Series of Exercises in Art Structure for the Use of Students and Teachers frå 1899. Dow utdanna fleire av dei fremste kunstnarane i landet, som Georgia O'Keeffe og Byrdcliffe Colony.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads