Artisjokk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Artisjokk eller artiskokk (Cynara cardunculus var. scolymus ) er ein fleirårig tistel i artisjokkslekta (Cynara). Delar av blomen, artisjokkbotnen eller artisjokkhjartet, blir brukt som grønsak og er rekna som ein delikatesse som blir mykje brukt i fransk og italiensk mat.
Artisjokk er ei kulturform av kardon som stammar frå middelhavslanda. Planten blir opptil 1,5 m høg. Blada er sølvgrøne og blir 50-80 cm lange. Blomane er purpur- eller lilla-raude og har ein diameter på rundt 10 cm.


Korgdekkeblada og blomekjernen er etande. Han kan lagast til gjennom koking, steiking, damping, baking eller grilling.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads