Tistel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tistel
Remove ads

Tistel er ein type stive, stikkande urteaktig plante. Blada, og ofte også stengelen, har kraftige tornar. Tistlar blir derfor ofte unngått av dyr og menneske og kan danna nesten ugjennomtrengjelege bestandar, ikkje ulikt brennesle.

Thumb
Vegtistel (Cirsium vulgare)
Thumb
Piggtistel (Carduus acanthoides)
Thumb
Syrisk tistel (Notobasis syriaca) har svært kraftige tornar.

Tistlane er ikkje ei naturleg gruppe. Dei fleste tilhøyrer stammen Cynareae i korgplantefamilien, men det finst også andre korgplantar ein kallar tistel. Strandtistel tilhøyrer skjermplantefamilien. Dei vanlege tistlane i Noreg tilhøyrer slektene Cirsium og Carduus. Dei veks ofte langs vegkantar og på beitemark.

Tistel er nasjonblomen til Skottland.[1]

Remove ads

Ulike tistlar

Dette er ei oversikt over plantar som blir kalla «tistel» på norsk. Berre eit utval av Cirsium- og Carduus-artane i Noreg er tekne med.

  • vegtistelslekta (Cirsium)
    • vegtistel (Cirsium vulgare)
    • kåltistel (Cirsium oleraceum)
    • dvergtistel (Cirsium acaule)
    • kvitbladtistel (Cirsium heterophyllum)
    • myrtistel (Cirsium palustre)
    • åkertistel (Cirsium arvense)
  • krusetistelslekta (Carduus)
    • krusetistel (C. crispus subsp. multiflorus)
  • stjernetistelslekta (Carlina)
    • stjernetistel (Carlina vulgaris)
    • sølvtistel (Carlina acaulis)
  • kuletistelslekta (Echinops)
    • kuletistel (Echinops sphaerocephalus)
  • fjelltistel (Saussurea alpina)
  • strandtistel (Eryngium maritimum)
  • jærtistel (Serratula tinctoria)
  • eseltistel (Onopordum acanthium)
  • mariatistel (Silybum marianum)
  • elfenbenstistel (Ptilostemon afer)
  • safrantistel (Carthamus tinctorius)
  • gulltistel (Scolymus hispanicus)
  • syrisk tistel (Notobasis syriaca)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads