Arusha
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Arusha er ein by i nordlege Tanzania, og regionshovudstad i Arusha-regionen. Ved folketeljinga i 2012 hadde han 416 442 innbyggjarar. Arusha er omringa av nokre av dei best kjende landskapa og nasjonalparkane i Afrika. Byen ligg nedanfor Mount Meru på den austre kanten av Riftdalen, og ligg i nærleiken av Serengeti, Ngorongorokrateret, Manyarasjøen, Olduvaikløfta, Tarangire nasjonalpark og Kilimanjaro. Dessutan ligg Arusha nasjonalpark på Mount Meru.
Arusha er eit viktig økonomisk senter.[2] Hovudkvarteret til Den austafrikanske fellesskapen ligg i Arusha.[3] Sidan 1995 har byen husa Det internasjonale tribunalet for Rwanda nedsett av SN.[4] I 2006 blei Arusha også heim for Den afrikanske menneskerettsdomstolen.[5] Det er ein fleirkulturell by med ein afrikansk majoritet og store arabiske og indiske minoritetar, og dessutan europearar og amerikanarar.
Remove ads
Galleri
- Kulturhuset i Arusha
- Gate i Arusha
- Arusha botaniske hage
- ALMC sjukehus i Arusha
- Den katolske domkyrkja i Arusha
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads