Arvid Torgeir Lie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Arvid Torgeir Lie (18. august 193819. mai 2020)[1] var ein norsk lyrikar frå Skafså.[2]

Kjappe fakta

Lie voks opp i Åmdalsverk[3], og studerte ved Universitetet i Oslo før han ei tid arbeidde som skogsarbeidar.[2] Han debuterte i 1967 med diktsamlinga Under fuglens vengjekross, som var påverka av diktinga til Aslaug Vaa.[3] Han fekk sidan fått utgitt elleve diktsamlingar til, den seinaste kom i 2011. Lie skreiv også ei novellesamling og gjendikta bøker til norsk. Frå 1977 hadde han Statens garantiinntekt for kunstnarar (kunstnarløn).[2]

Han fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995 for Eksakthet. Nærvær, og Melsom-prisen i 2007 for Innfor den myndige og den umyndige beretninga.[4] Same året fekk han også Doblougprisen.[5]

Lie var busett i Spydeberg kommune sidan 1997.[2]

Remove ads

Bøker

  • 1967 Under fuglens vengjekross diktsamling
  • 1968 Snøvinter diktsamling
  • 1969 Frå eit halvt liv diktsamling
  • 1971 Skrive og tenke diktsamling
  • 1973 Sol og sekund diktsamling
  • 1976 Sju svingar opp diktsamling
  • 1981 Eit merkeleg hus diktsamling
  • 1982 Dikt i utvalg dikt i utval
  • 1986 Den nye maskina novellesamling
  • 1990 I eit Bergsto-år diktsamling
  • 1995 Eksakthet. Nærvær diktsamling
  • 2001 39 fragment over ein harmonika diktsamling
  • 2006 Innfor den myndige og den umyndige beretninga diktsamling
  • 2011 Mot det ærlege lyset diktsamling
Remove ads

Litterære prisar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads