As-Samu

From Wikipedia, the free encyclopedia

As-Samu
Remove ads

As Samu' eller es-Samu' (arabisk السموع) er ein by i Hebron guvernementVestbreidda i Dei palestinske territoria, 12 kilometer sør for byen Hebron og 60 kilometer sørvest for Jerusalem. Edward Robinson identifiserte byen som den bibelske Eshtemoa.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Thumb
As-Samu
Remove ads

Geografi

Området er åslendt med fleire dalar. Våpenkvilelinja frå 1949 (Den grøne linja) strekkjer seg aust til vest, kring fem kilometer sør for Samu. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 19 649 i 2007.[2]

Historie

På 1100-talet bygde krossfararar ei borg her, som var ein del av den austlege forsvarslinja deira. I 1838 identifiserte Edward Robinson byen Semua som den bibelske Eshtemoa.[3] Eshtemoa, som tyder «lydigheit», var eigd av prestar og nemnt i Josvas bok (19:50, 21:14), i Samuel I (30:25) og i Krønikebøkene I (4:17, 6:42).

Jerusalem Talmud nemner Eshtemoa i tillegg til ein amora som var aktiv i byen på 300-talet, kalla Hasa av Eshtemoa.[4] Eusebius frå Cæsarea (300-talet) skildrar Eshtemoa i Onomasticon som ein jødisk by i 'Daroma', nord for Aniam, innafor Eleutheropolis-regionen (Bet Guvrin). Under romersk og bysantinsk tid vart Eshtemoa skildra som ein stor jødisk landsby.[5]

I 1934 vart ruinane av ei eldgamal synagoge oppdaga og staden vart grave ut i 1969.[6]

I 1966 sette Israel i gang eit storskala åtak mot byen, som førte til at femten jordanske soldatar og tre jordanske sivile mista livet. 44 andre soldatar og 96 sivile vart skadde. Den israelske kommandanten vart drepen, medan ti andre israelske soldtar vart skadde.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads