As-Suwayda guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
As-Suwayda guvernement (arabisk السويداء, romanisert Muḥāfaẓat as-Suwaydā’ ) er det sørlegaste av dei fjorten guvernementa i Syria. Det har eit areal på 5 550 km² og dannar ein del av den historiske regionen Hawran. Hovudstaden og den største byen er as-Suwayda.
Geografisk omfattar guvernementet nesten heile Jabal al-Druze, den austlege delen av Lejah, og ein del av den tørre, austlege steppa Harrat Ash Shamah.
Remove ads
Demografi og folkesetnad
I 2013 hadde guvernementet ein folkesetnad på kring 566 000 innbyggjarar. Det er det einaste guvernementet i Syria som har ein drusar-majoritet.[2] Her bur òg ein større austleg-ortodoks minoritet, og eit lite muslimsk samfunn.
Dei fleste innbyggjarane bur vest i guvernementet, særleg vest i Jabal ad-Duruz. Berre dei nomadiske beduin-stammenen lever i det ufruktbare området i Harrat Ash Shamah.
Remove ads
Inndelingar
Guvernementet er delt inn i 3 distrikt (manatiq):
Desse er vidare delt inn i ni underdistrikt (nawahi).
Byar og landsbyar
Guvernementet inneheld tre byar, 124 landsbyar og 36 grender.[3]
Byar
Landsbyar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads